- Dette er gøy, strålar Alexander Wozny (6 1/2) og prøver slalåmskiene for første gong.

Den unge skiløparen frå Barstadvika er ein av dei som var på Bondalseidet under sesongopninga søndag.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook

Gunstig for snøproduksjon

Alexander har hatt ski i to år, men ikkje fått sjanse til å prøve dei før no, fortel far Artur og mor Dorota, som opprinneleg er frå Polen. No skal dei snart på skiferie til Slovakia, og då var det flott at Alexander fekk trene litt på heimebane før han fer.

All snøen i bakken er kunstsnø, men forholda er det ikkje noko å seie på.

- Vi starta kanonane førre søndag og har hatt svært gunstige forhold med ti-tolv minusgrader og lav luftfuktigheit, fortel dagleg leiar Frank Velle ved Ørsta skisenter på Bondalseidet.

Opnar meir tysdag

Søndag var det bra aktivitet i juniortrekket, men allereie tysdag kveld er det håp om at Bondalseidet kan invitere til open bakke også i hovudtraseen, treningstraseen og terrengparken. Bakken vil etter alt å døme bli open opp til bratthenget og mast sju. Alt takka vere kunstsnø.

Sidan sist søndag har skisenteret produsert 10.000 kubikk med snø i døgnet. Sju dagar med produksjon betyr difor at det er produsert 70.000 kubikk snø, som er fordelt ut over i anlegget.

- Det er ikkje gratis med kunstsnø. Eg veit ikkje kva det kostar, men vi er heilt avhengige av det. Det hadde ikkje vore drift her viss ikkje vi hadde hatt kunstsnø, konstaterer Velle.

Han legg til at skisenteret er eitt av få anlegg som blir drive på dugnad, med rundt hundre frivillige som legg ned stor innsats. Berre driftsleiar er tilsett i hundre prosent stilling.

Skøytekonkurranse

Skisenteret hadde denne helga stor konkurranse frå anna vintersport - nemleg skøyter. Over heile distriktet er det gode forhold for å prøve skøytene, og mange hadde teke turen ut på islagde vatn søndag.

Rotevatnet i Volda kunne skilte med spegelblank is, flotte forhold og yrande liv.