– Vi fekk i fjor ein vekst på 12 prosent, og dei 19 butikkane våre selde for over 300 millionar kroner, seier Landmark.

Ti av desse millionane har Slettvoll brukt til å bygge om produksjonslina ved fabrikken på Stranda, samt til utvide butikken på Skøyen i Oslo og skaffe seg større butikklokale i Stockholm.

Godt år

Egil Sundet, bransjesjef i Norsk Industri møbel + interiør, seier at 2015 vart eit særs godt år for norsk møbelindustri.

– Eg manglar enno desembertala, men det ser ut til å bli ein eksportvekst på ti prosent. Den norske marknaden er også god. Så omsetninga i bransjen har hatt ein god auke i året som gjekk, seier Sundet.

Han legg til at vanlegvis brukar det å svinge ein god del i løpet av året. Men i 2015 har omsetninga vore nokså jamn. Sundet trur at svak norsk krone har sitt å seie for betre sal i utlandet, samt at utanlandske møblar er blitt dyrare i Norge – noko som er bra for norske bedrifter sitt sal i heimlandet.

Svensk vekst

Slettvoll Møbler sel iallfall 80 prosent av sine møblar i Norge, resten finn vegen heim til svenske kundar. Slettvoll har nemleg to butikkar i Sverige.

– Butikken vår i Stockholm auka mest av alle i fjor, heile 30 prosent, fortel Kristine Landmark.

Butikken på Skøyen hadde ein vekst på 20 prosent.

– Eg trur suksessen vår er at vi tilbyr tidlause møblar, skreddarsydd til kunden.

– Og så har vi kvalifisert butikkpersonale, også interiørarkitektar, som kan gje råd og vink, anten det er snakk om nybygg eller restaurering.

– Vi merkar også at vi har lojale kundar, som kjem igjen og igjen – også saman med neste generasjon når dei skal ha møblar, seier Landmark.

– Og kanskje best av alt, legg ho til:

– Slettvoll har ikkje flatpakka møblar. Vi kjem med møblane, pakkar dei ut, og set dei på plass.

<strong>ADM.DIR:</strong> Kristine Landmark er administrerande direktør for Slettvoll Møbler AS på Stranda. ARKIVFOTO: JUNE R. JOHANSEN