Bygget i Strandgata i Ørsta huser mellom anna forretningane Jysk og Målar- Olav. Begge stader er det til dels omfattande skadar.

- Det ser ut til at lekkasjen har byrja med at ein skøyt på sprinkleranlegget har blitt øydelagt i løpet av helga. Om det skuldast kulda er for tidleg å seie, seier huseigar Petter Myklebust i Olav A. Myklebust AS.

(meir å lese under biletet)

Lekkasjen starta i taket hos eit revisorfirma som held til i andre etasjen. Spora viser at vatnet har stått langt opp på veggane, før det har arbeidd seg nedover i til første etasje.

-  Vi veit ikkje kor store skadane er, men det er uansett sikkert at vi treng nye lokale. Vi får berre håpe at datautstyret vårt ikkje har blitt øydelagt, seier dagleg leiar Geir Arne Vatne i Hovden og Vatne AS.

(meir å lese under biletet)

Måndag formiddag pågjekk oppryddinga for fullt.

- Truleg må ein stor del av taket rivast. Men vi satsar på å halde vår butikk open likevel, seier Petter Myklebust i Olav A. Myklebust AS/ Målar- Olav.