Håvard Moe er konsulent i ei av Kommunenes Sentralforbund sine dotterverksemder. Men han får lov å spele libero. Spissformulere seg.

No har KS sine økonomar finrekna på konsekvensane av det som etter alle solemerke vert vedteke i Stortinget.

Moe kan fortelje at i beste fall vil Skodje få 6.5 millionar kroner mindre for året. Det kan og bli så ille som 9.1 millionar i minus. Kommunen har allereie skrapa og kutta alt som er, forstår vi på rådkvinna deira.

Så då har dei eitt val, ifølgje konsulenten: Sette eigedomsskatten på maks. Tala for kringliggjande, mindre kommunar er like ille. Blodraudt for dei minste. Ålesund kan gle seg til 20 millionar meir i den foreslegne modellen.

Statens piskar

– De ser sjølve kva veg pisken slår, seier Håvard Moe.

Ingen treng tvile på at emnet engasjerer. Digre Gomerhuset er trekvart fullt. Av godt vaksne.

– Det er ikkje framtida som sit her, repliserer konsulenten. Men mønsteret er visst heilt typisk. Ikkje mindre skremmande torer det vere at valet småkommunane skal gjere denne våren må vere ei løysing som ifylgje Moe bør vere robust nok 30 år fram. Reformen piskar ikkje berre. Det er òg lagt nokre gulerøtter i kassa.

Desse vil folk slå seg saman med

Meiner det hastar

Fem kommunar rundt Askim drøftar no kva dei skal bruke dei «nye» 800 millionane reformen utløyser for deira del.

– Vi trur ressursane er likeleg delt. Nei: Det er himmelvide forskjellar. Skodje er ein av dei aller fattigaste kommunane våre, seier KS-konsulenten. Der er ikkje noko å tære på. Moe går så langt som å kalle det ei katastrofe å gå vidare utan Ålesund.

Og ja, det hastar.

– De må slå dykk saman med nokon. Spørsmålet er kven. I dag er saka oppe i formannskapet. Nemnda går for Ålesund, som før omtala.

– Vi må syne mot og vere veljane tiliten verdige, seier Kari Grindvik (V).

Ho er ikkje uroa for lokaldemokrati og engasjement. For dette rår dei folkevalde langt på veg over sjølve, i kva for organisering dei vel i ei ny eining. Det er råd å gje både mandat og økonomi til direktevalde, mindre organ.

KOMMENTAR: Er dette ein politisk massakre? Fare på ferde for folkets røyst (smp +)

Skodje mister goder?

Odd Arne Grande såg seg austover for ti år sia. Nordre Sunnmøre burde klare seg utan Ålesund, slik han ser det. Han er særleg skeptisk til kva som kan råke kultur- og idrettslivet.

Kva vil skje når hall- og husleige vert innført og skrudd i veret?

Frå salen vart det elles lufta skepsis både til demokratisk underskot, kor reelle innsparingar det kan bli med færre kommuneleiarar, og spørsmål kor stor ei eining eigentleg treng vere. Konsulent Moe kom rett frå Finnmark, og der er dei gjerne meir fritt-talande enn lenger sør.

– Ein ordførar sa det slik: Du veit det – om du legg tre lik i same kista, vert det ikkje meir liv av den grunn!Dei folkevalde går i sanning ein spennande vår i møte. Det er ikkje mange veker att til dei må velje kva for ei kiste kommunen skal krype ned i. Så vert avgjerda, som altså bør vere robust nok for fleire tiår, sett ut i livet neste valperiode.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook.