Foreldra manar barna om å vere varsame på den ulendte stien. Likevel er det nokon knall og fall på den om lag ein kilometer lange turen frå parkeringsplassen på Lømyra inn til gapahuken der inne i skogen ved Storevatnet. Refleksar blinkar når dei vert trefte av hovudlyktene. Langt der oppe er det stjerneklart og månen er på besøk. Nokre og tjue menneske er på veg inn i skogen for å markere avslutninga på Friluftslivets år 2015 – og meir friluftsliv i 2016.

Nye mogelegheiter

2015 var Friluftsåret i Norge, men med nytt år er det no viktig å sjå framover.

– Eg brukar ikkje å vere her fredagskveldane, innrømmer Jim-Arve Røssevold, ordførar i Sula kommune, men han meiner at det er viktig å markere Friluftsåret 2015, og å helse eit nytt friluftsår velkomen, også i eit folkehelseperspektiv.

– Eg ser at småbarnsforeldra kanskje er dei flinkaste til å ta med barna ut. Det er veldig viktig å lære vekk gode vanar til barna, men andre, som meg sjølv, burde kanskje vere enda flinkare til å nytte naturen og mogelegheitene rundt seg. Her på Sula er det til dømes masse stiar og turar ein kan gå i nærområda, seier Røssevold.

Rune Liavåg, folkehelsekoordinator i kommunen er einig med ordføraren.

– Det viktigaste er ikkje å gå ein og annan topptur, men heller ta daglege småturar, seier Liavåg.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ved gapahuken

Vel framme er det kaffi til dei vaksne og pølser til barna. I tillegg er det opplæring i å lage lys med siv som veike. I trea er det klatretau.

Lillian Honningsvåg og den sju månader gamle dottera er tidleg ute, på meir enn ein måte.

– Eg liker veldig godt dette tiltaket, men no for tida vert det mest turar i nærområdet, seier den friluftsinteresserte mora der dei to sit framfor bålet og varmar seg.

Ho fortel at dei også går toppturar, men at vesle June nok ikkje er klar for det enno. Det får kome seinare.

I trea rundt er det born og latter. Det er fint å vere ute.

<strong>Glans:</strong> Rune Liavåg, folkehelsekoordinator i Sula, Ingunn Krosby, leiar for kultureininga, Jim-Arve Røssevold, ordførar i Sula, og Mariann Barstad, leiar av Sula Turlag er alle opptatt av friluftsliv.