Det har vore ein kollisjon med to bilar involvert ved avkøyringa frå E136 mot Stordal, søndag kveld.

Ifølgje politiet har dette skjed som ein påkøyrsel bakfrå, og litt før klokka 20.50 blir naudetatane meld å vere på veg til staden.

- No er alle, politiet inklusive framme, og ei kvinne er frakta til legevakt i Ørskog etter kollisjonen, fortel Tor-André Gram Franck ved operasjonssentralen til Møre og Romsdal politidistrikt klokka 21.20.

- Ho har klaga over smertar i nakken, og blir truleg tatt vidare til sjukehus for nærare kontroll, seier han vidare.

Ifølgje politiet var det i alt fire personar i dei to bilane. Kvinna som er skadd var åleine i den framre bilen.

Europavegen er ikkje stengt som følgje av hendinga.