Kvinna, som er utdanna førskulelærar, har erkjent å ha fika til og lugga to barn ho hadde omsorg for.

Søre Sunnmøre tingrett har dømt den tidlegare ustraffa kvinna til eitt år og tre månader fengsel. Ni månader av straffa er på vilkår, med to års prøvetid.

Vedvarande frykt

Kvinna møtte i retten i desember.

I retten har kvinna forklart at ho var mykje åleine om å ta seg av dei to barna i småskulealder. Ho opplevde at mannen tok lite del i oppfølging av barna.

Ho var sliten, opprørt og frustrert over livssituasjonen, men dette endrar ikkje retten si oppfatning av at forholdet gir grunnlag for straff. Retten er ikkje i tvil om at framferda til kvinna har skapt vedvarande utryggleik og frykt for barna.

Utdanna førskulelærar

I straffskjerpande retning legg retten vekt på at valden og krenkinga har skjedd over lang tid, i det alt vesentlege i heimen, mot to barn.

Retten peiker på at kvinna er utdanna førskulelærar og utan tvil var klar over barna sine særskilde behov.

Også gode stunder

Det blir også peika på at kvinna har gjort mykje godt for dei og at dei har hatt gode stunder og opplevingar med henne.

Det er likevel straffskjerpande når barna opplever at deira næraste omsorgsperson sviktar, og at det som normalt burde vere ein trygg og stabil arena for dei, ikkje var det.

Erstatning til barna

Kvinna får noko strafferabatt for tilståinga, men retten peikar på at vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem og at det difor er nødvendig å reagere strengt.

I tillegg til fengselsstraff er kvinna dømd til å betale 60.000 kroner i oppreisingserstatning til kvart av dei to barna. Dessutan må ho betale 6.000 kroner i sakskostnader.