Eit vogntog sto ved 18.30-tida, onsdag fast på E39 i Ørskog kommune.

- Vi fekk nyleg varsel om hendinga, og det skal dreie seg om eit tyskregistrert køyretøy som ifølgje meldar står i bakkane opp mot Ørskogfjellet frå Sjøholt, fekk Smp.no opplyst ved operasjonssentralen til politiet. Tungbilgruppa til Statens vegvesen var då undervegs til staden.

Politiet hadde ikkje fått meldingar om at vogntoget var til hinder for trafikken.