Operasjonsleiar Arild Reite i Møre og Romsdal politidistrikt fortel at politiet torsdag kveld køyrde utrykning i retning Langvatn i Volda. Der var det ein bil som hadde køyrt ned ein stolpe.

Før dei kom fram, tok dei igjen ein bil i Rotsethorntunnelen.

– Eg veit ikkje kvifor, men bilisten starta å køyre fort då patruljen kom, fortel Reite.

Følg smp.no på Facebook

Han seier at det ikkje var ei biljakt, men bilisten hadde ei fart langt over fartsgrensa på staden, og høgare enn politibilen. Farta svara til beslag av førarkort.

– Nøyaktig fart kan eg ikkje seie så mykje om no, det kjem til å bli tekniske undersøkingar. Bilisten blei målt med speedometer, ikkje med laser, seier operasjonsleiaren.

Motivet bak hendinga er vanskeleg å vite for Reite, og politiet kjem til å ha avhøyr av personen.

Ifølgje operasjonsleiaren er det ei vurdering frå gong til gong om politiet kan ta eit nytt oppdrag når dei er på veg til ei ulykke. Denne gongen visste Reite og patruljen at det ikkje var personskade ved Langvatn.

– Dessutan var der også ein politimann i sivil på staden.

Personen som råkøyrde i tunnelen fekk førarkortet tatt i beslag. Sak er oppretta.