Jan Peder Hoggen er sjølv ein høgst ihuga toppturperson.

I tillegg har han høg kompetanse på vurdering av skredfare/redning og han er leiar i Sunnmøre alpine redningsgruppe.

Hoggen ser teikna til at det kan bli stor rasfare i fjella på Sunnmøre no til helga - med både væte og vind, men likevel ei helg der det er venta stor utfart.

Sjå oppdatert vermelding (yr.no)

Vel det trygge

– Ja, og stor utfart håper eg verkeleg at det blir også. Det er noko av det kjekkaste og sunnaste folk kan gjere no framover, å kome seg ut i naturen og bruke han aktivt, insisterer Hoggen.

Sjølv var han på Melshornet på kveldstid med haudelykt torsdag.

– Nokre turar - som på dette lokale fjellet mellom Volda og Ørsta - er ein nesten alltid trygge mot fonnfare, seier Hoggen.

Han hevdar det finst mange gode alternativ.

Ikkje for bratt

Hoggen presiserer at oppmodinga hans til folk om å kome seg ut og opp, sjølvsagt ikkje gjeld til rasfarleg terreng.

– Det kan terpast til det kjedsommelege - men terreng som hallar meir enn 30 grader skal alltid vurderast som potensielt rasfarleg, seier han.

Også dersom det er lange og bratte fjellsider ovanfor der ein går, må ein vere ekstra på vakt.

Vurdering

– Men korleis skal folk flest kunne vite nøyaktig kvar denne grensa går?

– Før det første: Er du det minste i tvil så hald deg unna og finn ein annan stad. Men med trening, med ulike metodar som inkluderer alt frå skistavar til avanserte applikasjonar på mobilen, kan ein kome nokså nær. Inne på fleire aktuelle nettstader kan ein finne artige og aktuelle filmsnuttar og oppskrifter på dette, opplyser Hoggen.

Kurshaldar

Jan Peder Hoggen har tre dagar denne veka vore på Fjellsetra i Sykkylven og halde redningskurs for skisenterpersonell, Røde Kors-folk og andre interesserte. Der handla det om korleis ein agerer dersom skredet har gått og ulukka er ute.

- Slike kurs er dessverre nødvendige - for før eller sidan skjer det igjen. Garantert. Hovudpoenget må bli at folk blir så opplyste og kompetente at dei tek det nødvendige ansvaret for kvar dei ferdast i fjellet til ei kvar tid, oppmodar Hoggen.

- Det er berre å kome seg ut på ski til helga - men ikkje for bratt oppmodar Jan Peder Hoggen. Foto: Knut Arne Aarset
Jan Peder Hoggen - vandrande i skredsikkert terreng.. Foto: Knut Arne Aarset