Det var den klåre oppmodinga frå kronprins Haakon under besøket på yrkesmessa på Stranda i går.

Han vart geleida rundt om i Storfjord kulturhus der trengsla var stor og mange bedrifter ville vise seg fram.

– Eit slik samarbeid som dette, mellom dei som treng jobb, og dei som vil tilsette folk, er viktig, la kronprinsen til. Frå scena utanfor kulturhuset fortalde kronprins Haakon om ein innhaldsrik dag i Stranda, der dagen starta med å stå på ski i løypene til Stranda skisenter.

To turar opp med stolheisen vart det for den spreke kronprinsen.

– De er heldige som har dette anlegget, sa Haakon medan han smakte på lokal mat på fjellet. Det skulle bli meir etter kvart.

For neste stopp var Orkla sin pizzafabrikk i Svemorka, der toppleiinga i Orkla tok imot, konsernsjef Peter Ruzicka og Paul Jordahl, adm.dir. i Orkla Foods Norge.

Her var det sjølvsagd pizza som låg på serveringsfata, før besøket vart desinfiserte og tildekte frå topp til tå.

For sikkerheita er på topp i den moderne fabrikken, der dei er så redde for lause delar at til og med journalistane sine kulepennar vart inndregne før vi kunne entre det aller helligaste – produksjonslokala for pizza.

Orklasjefane fortalde om pizza-eventyret som starta i det små i 1980, og som no betyr eit par hundre pizzaar i minuttet.

– I fjor selde vi 20 millionar Grandiosa berre i Norge, og åtte millionar Big One. Totalt vart det produsert 34 millionar pizza her i fjor, sa Paul Jordahl.Mett av pizza drog det kongelege følget til yrkesmessa, hovudårsaka til at kronprinsen tok turen til Stranda.

Ei av dei han møtte på messa var lærlingen Linn Kammen i Stranda Energi.

– Eg grudde meg på førehand, men han var grei å snakke med. Han ville vite kva skule eg hadde gått og kva eg arbeidde med, seier Linn til oss etterpå. Ho blir energimontør når ho er ferdig om eit og eit halvt år.

– Det er flott at unge vel yrkesfag. Norge treng folk som kan lage mat, bygge hus og ta seg av eldre, seier kronprinsen.