Prosjekt Fantasi er ein konkurranse der born og ungdom blir utfordra til å vere med å finne opp framtida. Prosjektet er eit samarbeid mellom vitensenteret Vilvite og Statoil.

Då borna vart bedd om å finne opp framtida blei dei stilt fem spørsmål: Korleis reiser vi? Kva eter vi? Korleis får vi energi? Korleis lærar vi oss nye ting?

Juryen plukka ut tolv nasjonale vinnarar frå det dei meinte var dei beste, morsomste og meste spennande ideane. I tillegg var det også fleire regionale vinnarar. Ved skulen på Valderøy var det ikkje mindre enn ein nasjonal og tre regionale vinnarar. Dette trur tverrfagleg lærar Håvard Godøy, skuldast at dei frå fyrste stund har hatt latt elevane sleppe seg laus.

– Det har vore ein fin prosess, kor kreativiteten har blomstra.

Praktiske For ideen om utesko som blir til innesko med berre nokon få klikk, blei Martine Iren Valderhaug, Filippa Semenets og Selma Lin Austnes kåra til ein av regionsvinnarane. Foto: Nikolas Farstad

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

Viktig med kreativitet

– I byrjinga snakka vi om store oppfinningar som har forandra verda. No er dykk neste. Då blir det med ein gong veldig høg terskel. Derfor fokuserte vi meir på at oppfinnarar i historia ikkje alltid har vore anerkjend i samtida, fortel Godøy som fekk elevane til å lage det dummaste, mest ko-ko og raraste dei kunne komme på.

– Då losna det for mange, og det blei nøkkelen til å sleppe seg laus. Dei fekk bruke fantasien, og ikkje berre tenke at dette skal bli bra, fortel han.

Og at han blei imponert er han ikkje i tvil om.

– Elevane hadde ein veldig god innsats, og det var så mange bra oppfinningar. Eg synest det er viktig å trekkje fram dette med fantasi og kreativitet i skulen. Det er nøydd til å prioriterast. No er det kanskje ein litt for liten del av skulen. Men vi kjem til å trenge folk som kan gjere slike kreative ting, og vere med å skape noko nytt i framtida. Dette er viktig for framtidas arbeidstakarar, meiner han.

Sminke Tora Mai Skjong, Victoria Kjærstad og Alida Giske fant opp ein sminkerobot. Foto: Nikolas Farstad

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

«Prompinator»

Frå Valderøy skulen var det omtrent 100 deltakarar med mange imponerande oppfinningar. Jacob Olai Giske (11) fekk ein nasjonal siger med sin «Prompinator».

– «Prompinatoren» gjer metangass om til elektrisk straum. Metangass er jo også kjelda til global oppvarming, så dette det har mange funksjonar, fortel oppfinnaren som fekk seg ei stor overrasking då han blei ropt opp som ein av vinnarane.

– Eg tenkte vel eigentleg berre at det var ein spøk. Men så gjekk det oppfor meg, og no gleder eg meg berre, fortel Giske som no skal få oppfinninga si bygd.

Saman med dei elleve andre vinnarbidraga skal den ferdige «prompinatoren» vere med på ei utstilling rundt til fem regionale vitensenter i løpet av 2016 og 2017.