Verste januar-tal på ti år

Utviklinga i arbeidsløysa er litt betre enn venta i Møre og Romsdal, men likevel er tala for januar dei høgaste på over ti år.

Ledige Utvikling i arbeidsløysa i Møre og Romsdal er marginalt betre enn venta i januar i år.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheter

Møre og Romsdal har fått 644 fleire arbeidsledige frå desember til januar.

- Trass i dette så er det marginalt betre enn det vi trudde, melder NAV i ei pressemelding.

Sjå tal frå kvar kommune nederst i artikkelen.

Utflating siste månadene

I januar  2016 er det 4.720 personar heilt utan arbeid i fylket. Det svarar til 3,4 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 33,1  prosent frå same månad i fjor.

Ser vi på dei sesongjusterte tala så  syner den at vi har hatt ei utflating av arbeidsløysa i Møre og Romsdal dei siste to månadane.

– Sjølv om dette er ei utvikling som er noko betre enn venta for fylket sett under eitt er den faktiske arbeidsløysa no i januar den høgaste på over 10 år, heiter det i pressemeldinga.

– Nordmøre, og Kristiansund særleg, har ein markant auke i arbeidsløysa og er no på 3,7 prosent og 5,2 prosent, seier fylkesdirektør Stein Veland.

13 prosent auke i landet

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 4,2 prosent for menn.

I januar er 670 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak. Dette er 169 fleire enn i januar i fjor. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5.390 personar i fylke.

I landet er det 93 284  heilt ledige. Dette er 3,4 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 13,0  prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sogn og Fjordane

Ved utgangen av januar er 1416 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er ein auke på 156 personar frå januar i fjor.

– Auken er ikkje større enn vi hadde venta og råkar spesielt menn i oljerelatert verksemd, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding.

Dette gir seg størst utslag i kommunane Flora, Høyanger, Hyllestad og Førde, som til saman har ein auke på 174 ledige.

Færre ledige i Vågsøy

Ni kommunar har reduksjon i arbeidsløysa i januar. Størst reduksjon har Bremanger og Vågsøy med høvesvis 37 og 27 færre ledige enn på same tid i fjor. Reduksjonen i desse kommunane skuldast færre permitterte i fiskeindustrien.

Lågast arbeidsløyse finn vi i Solund med 1,0 prosent, og Gaular og Hornindal, begge med 2,4 prosent.

Tal for kvar kommune

Talet på helt ledige i januar 2016 (i parantes står prosent av arbeidsstokken, så kjem endring siste månad og deretter endring siste året):

Ålesund 878 (3,5 %) +127 (+150 siste året)

Vanylven 48 (3,0 %) +7 (+15 siste året)

Sande 52 (3,7 %) +11 (+20 siste året)

Herøy 213 (4,6 % +14 (+91 siste året)

Ulstein 192 (4,3 %) -2 (+103 siste året)

Hareid 136 (5,0 %) +4 (+42 siste året)

Volda 130 (2,9 %) +17 (+37 siste året)

Ørsta 182 (3,3 %) +50 (+45 siste året)

Ørskog 45 (3,6 %) +7 (+9 siste året)

Norddal 21 (2,4 %) +1 (+7 siste året)

Stranda 69 (2,8 %) +14 (+10 siste året)

Stordal 17 (3,3 %) +3 (-2 siste året)

Sykkylven 76 (1,8 %) +15 (-24 siste året)

Skodje 70 (2,9 %) +6 (+12 siste året)

Sula 126 (2,7 % prosent )+22 (+28 siste året)

Giske 123 (3,0 %) (+16) (+50 siste året)

Haram 181 (3,8 %) +12 (+99 siste året)

Vestnes 110 (3,1 %) -18 (+ 32 siste året)

Midsund 29 (2,8 %) +7 (+1 siste året)

Sandøy 9 (1,3 %) -2 (-5 siste året)


Vågsøy 100 (3,30 %) -27 siste året

Selje 40 (2,80 %) +2 siste året

Eid 59 (1,90 % ) +11 siste året

Hornindal 8 (1,20 %) -3 siste året

Stryn 113 (3,00 %) -19 siste året