Lause takplater gjorde at deler av Volda sentrum var stengt av ein periode i kveld. Takplatene kom frå eit av forretningsbygga i Hamne-kvartalet i Volda sentrum. Odd Johan Humberset var vitne til det som skjedde.

– Takplater fauk i lufta og opp mot verkstaden vår. Ein av bilane vart trefft og bilvindauget vart knust, fortel Humberset.

På Rotset i Volda har vinden gjort skade på eit hus.

Ein av bilane til Humberset Bil og Mek ASi Volda vart skadd . På biletet er Odd Johan Humberset . Foto: Svein Aam

Livestudio: Følg den siste utviklingen i uværet her

– Deler av kommunen har vore utan straum, og vi har fått nokre få meldingar om skader på bygningar. Men så langt ser skadeomfanget ut til å vere mykje mindre enn då vi hadde Dagmar, seier Amdam.

Taket på dette bygge i Volda bles av. Foto: Svein Aam

Sunnmørsposten var ein runde i Ørsta i kveld, men såg ingen større skader der. Tre har blese ned, og det ligg bølgeblekkplater ved vegen på Lianes. Men også i Ørsta ser det ut til at det har gått betre enn under Dagmar for vel tre år sidan.