Nyttårsorkanen i 1992 var verst. Då for taket på huset medan dei stod og såg på. Under Dagmar for vel fire år sidan forsvann hagen og mykje skog. Denne gongen klarte Bjørn Egil Lade å berge huset sitt med eit naudskrik. Men den gamle skjortefabrikken på tomta vart knust til pinneved.

– Eg var roleg før orkanen i går, men eg var klar over at det kom til å bli skade. Og eg har opplevd styggare vind, seier Eldar Lade.

Krigssone

Rovdestranda ligg utsett til for sørvesten. Under nyttårsrokanen var bygda i Vanylven mellom dei hardast råka.

– Då var Rovdestranda ei krigssone, seier Eldar Lade.

Opplevingane den gongen sit framleis i kroppen.

– Brølet frå nyttårsorkanen kjem eg aldri til å gløyme, seier han.

Hans eige hus, som ligg i Sundnesbygda, slapp unna orkanen Tor. Men det gjorde ikkje huset til sonen Bjørn Egil.

– Det byrja med at to vindauge vart knuste av vinden, og det førte til gjenstandar i stova var rive ned, og ei dør vart slått opp. Eg frykta at vinden skulle få tak i huset, og gjorde det eg kunne for å halde døra igjen og hindre overtrykk. Det heldt akkurat, fortel Bjørn Egil Lade.

Samstundes tok vinden tak i ei anna bygning på tomta.

– Det var den gamle skjortefabrikken til Daniel Slettevoll, fortel Eldar Lade.

No ligg den strødd ut over marka.  Også eit nabohus har fått skade. Delar av taket er øydelagt, og huset har fått store vasskader.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ikkje siste gong

– Trur de at dette er siste gongen det vert orkanråka?

– Vi håper, men eg trur det ikkje, seier Bjørn Egil Lade.

– Rovdestranda må vere ekstra utsett for vind?

– Eg skjønar ikkje at det skal vere så mykje verre enn andre stader. Rovdestranda har eksistert i mangfaldege mannsaldrar, seier Eldar Lade.

Også andre stader på Rovdestranda er det ein del skader. Tettleiken av rotvelter er høgre her enn dei andre stadane på Søre Sunnmøre som Sunnmørsposten køyrde forbi laurdag.