Stoppar ferjer for filminnspeling

Fleire ferjeavgangar frå Volda, Folkestad og Lauvstad blir innstilt torsdag 11. februar. Årsak: Opptak til filmen «Børning 2».

Innstilt Reisande både til og frå Lauvstad, Folkestad og Volda må rekne med å vente eller køyre lange omvegar 11. februar. Då blir åtte avgangar innstilt som følgje av filminnspeling.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Statens vegvesen ser at det medfører ulemper for trafikantane at fleire ferjeavgangar blir innstilt, men ønskjer å medverke til at eit lokalt ønske blir etterkome.

Filmkameratene AS har vore i kontakt med ordførarkontoret i Volda, og ordføraren skal ha vore positivt innstilt og gjorde sjølv framlegg om å innstille ferjeavgangar for å få filminga gjennomført.

Eiga ferje

Innspelingane har til no skjedd i Herøy, men no blir også Volda innspelingsstad. Her vil filminga gå føre seg på eiga ferje, og det trengs terminaltid utover det som er tilgjengeleg mellom ferjeavgangane på kaiane.

Må køyre rundt

Vegvesenet viser til at relativt gode omkøyringsmulegheiter og varslingsmulegheiter taler for at konsekvensane for trafikantane blir relativt små. Dei reisande kan køyre Kvivsvegen og Eiksundsambandet for å kome seg til og frå.

Det blir også vist til at ingen bussavgangar blir innstilt.

Åtte avgangar innstilt

Filmkameratane har fått løyve til å innskrenke parkeringsarealet på ferjekaiene i Volda og på Lauvstad, samt innstille fleire ferjeavgangar torsdag 11. februar:

Dette gjeld tre ferjer frå Folkestad, klokka 9.15, 10.15 og 14.45 og tre ferjer frå Volda: 9.30, 10.30 og 14.30.

Frå Lauvstad til Volda blir 10.20 innstilt og motsett veg blir 10.50 innstilt.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter