Brunstad presenterer ein heilt ny sofa på møbelmessa i Stockholm denne veka – designa av Anna Øren i NokoAnna.

– Gjennom eit heilt år har det blitt laga skisser, diskutert og utvikla modellar som vi no stolt presenterer på Stocholmsmessa, fortel Brunstad i ei pressemelding.

Designsofaen har fått namnet Eira.

– Sofaen har eit lunt og tidsriktig skandinavisk uttrykk og

den skil seg tydeleg frå dagens sofaer som ofte blir opplevd som firkanta, tunge klossar, meiner Brunstad.

Bedrifta lagar framleis møblane sine i Sykkylven. Ja, dei legg til at Eira er både designa, utvikla og produsert i Norge.

– Eira har gode eigenskapar, den er svært god å sitte i, har eit lunt og lett uttrykk og har lang levetid” seier designar Anna Øren.