– Vi har sikra valutaen vår mot svingingar, og denne avtalen varer til ut i 2018. Lågare kronekurs gjev oss difor ingen kortsiktig gevinst, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes.

– Men dersom den låge kronekursen held seg framover, kan vi få stor glede av det i 2018.

Holst-Dyrnes fortel av valutasikringa kan samanliknast med ein tidsavgrensa fastrenteavtale, i Ekornes sitt tilfelle i tre år.

– Men sjølv om det ikkje merkast på botnlina, så fører lågare kronekurs til at vi har høgare omsetning. Og det er jo bra for oss.

Det er fallande oljepris og auka uvisse rundt norsk økonomi som har ført til at krona har svekka seg markert mot andre valutaer.