Det seier professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda. Han meiner at Høgskulen må slå seg saman med Universitetet i Bergen som løysning. Onsdag var dei tilsette ved Høgskulen i Volda samla til allmøte og diskusjon, med temaet «Kva no, HVO?».

Rektor Johann Roppen fortel at alliansen som dei foreslo, vart skoten ned av Kunnskapsdepartementet. Han ønskjer no at Volda får stå åleine. Det går føre seg ei kartlegging av andre alternativ før ein avgjer kva som skal skje med høgskulen.

Delte meiningar

Ei viktig sak for Høgskulen i Volda og andre som driv med lærarutdanning, er at grunnskuleutdanninga skal bli eit femårig masterstudium frå hausten 2017. Roppen er frustrert over uklåre signal frå Kunnskapsdepartementet.

– Vi veit ikkje kva krav som blir stilt til den nye lærarutdanninga, men departementet ønskjer seg samanslåing før krava er på plass, seier Roppen.

Høgskuledirektør Jacob Kjøde seier at lærarutdanninga er berebjelken og medieutdanninga er merkevara til Høgskulen i Volda. At dette er eit bevisst spel frå Kunnskapsdepartementet er klårt for Kjøde, og då er det vanskelegare å kome fram til gode løysingar.

Hold deg oppdatert - følg smp.no på Facebook!

Må styrke seg

– Søkartalet innan mediefag har gått kraftig ned, og vi treng å styrke oss. Dersom det ikkje vert ein fusjon med Bergen, er det då godt nok med ein samarbeidsavtale for departementet? spør Kjøde.

– Dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund ønskjer samanslåing, men for framtidig satsing er det best å ha sjølvstende for å kunne satse på Høgskulen i Volda. Mediehuset er ei ny og stor satsing som Volda vil bestemme over sjølv, seier Roppen.

Sterk kompetanse i Volda

I salen vart det foreslått at det er best at dei fleste høgskular og universitet går saman til eit Vestlandsk Universitet. Roppen sa seg einig i at det kan vere ei modell, men meiner det går føre seg ein skremselsstrategi.

– Departementet ønskjer større einingar, og brukar reforma og lærarutdanninga til å få samanslåingar. Men det er opp til oss sjølve, vi har eit val. Eg har tru på vi er ein god høgskule, seier Roppen.

På høgskulen har dei greidd å byggje sterkare kompetanse, ifølge Roppen, og han presiserer at mange er framleis i løp og vil byggje kompetanse i framtida.

– Volda er godt kjent, og er ein av høgskulane som folk veit om. Det er ikkje gunstig å endre namn, meiner Roppen.

Rektoren forsikrar at studentane ved Høgskulen i Volda ikkje vil merke særleg skilnad dei komande åra. Same kva skilt som heng på veggen, skal skulen fortsette å tilby gode utdanningar.

– Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får. Dersom vi vert styrt langt vekk ifrå, vert vi då hugsa når det skal fordelast pengar til nybygg og anna utvikling? undrar Roppen.

Uroa for høgskulane

Fylket går no inn på bana og diskuterer utviklinga av høgskulane. Fylkesvaraordførar, Gunn Berit Gjerde (V), fortel at Fylkeskommunen har vedteke eit høgskulefond på 10 millionar kroner for å få fleire stipendiatstillingar og professorat ved høgskulane i fylket.

– Eg ønskjer at fylkeskommunen vert ein sterk samarbeidspartnar for høgskulane i arbeidet med å posisjonere seg for framtida. Vi må ta initiativ til ei gunstig regional utvikling, og skape ein attraktiv stad for dei unge og framtida, seier Gjerde.

Ho presiserer at det difor er viktig å samarbeide.

– Eg har bede om å få opp ei sak i fylkesutvalet om korleis fylkeskommunen kan bidra i dette arbeidet, seier Gjerde.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.