Statens vegvesen har tildelt Fjord 1 kontrakt på ferjesambandet Anda-Lote for perioden 2018 til 2027, med høve til å forlenge kontrakten i éitt år.

– Vi er veldig godt nøgde, både med konkurransen og med tilboda, seier fagkoordinator for ferje i Statens vegvesen Region vest, Anders Sæternes i ei pressemelding.

Første nullutslepp-kontrakt

Konkurransen om ferjesambandet mellom Anda og Lote er den første ordinære konkurransen i Norge som har stilt krav til ferjer med null- og lågutslepp.

Allereie i juni i fjor kunngjorde samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at dette ville bli eit krav. Det gjorde han då han køyrde E39 og tok ferja frå Lote til Anda.

Stadfestinga om kontrakten blir godt motteken i Nordfjord:

- Eg vil gratulere Fjord1 med kontrakten, og er særleg glad for at Fjord1 har vunne anbodet med nye, store ferjer med null- og lågutsleppsteknologi som skal gå med høgare frekvens enn i dag heile døgnet. Dette vil vere eit stort framsteg for både trafikantane og klimaet, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Heilelektrisk

Den eine av dei nye ferjene skal vere heilelektrisk, medan den andre skal gå på ein kombinasjon av el og biodiesel, i følgje Statens Vegvesen.

- Dette betyr at energien til ferjedrifta kan produserast og gi verdiskaping lokalt og regionalt, i motsetnad til den gamle fossil-teknologien, seier Bjørlo.

Han meiner det er særleg interessant at biodiesel no kjem inn for fullt til erstatning for den gamaldagse forureinande fossil-dieselen.

-Biodiesel kan produserast av skog, og gir mulighet for ein ny marknad med lokal verdiskaping frå skog som ikkje finst i dag. Dette er ein viktig del av det grøne skiftet i økonomien som Venstre ivrar for, seier Alfred Bjørlo, som sjølv leia Venstre sitt arbeid med Grøn Vekst og ny grøn verdiskaping fram mot Venstre sitt landsmøte i 2015.

20-minutts avgangar

Bjørlo trekkjer også fram at det for trafikantane er særleg grunn til å gle seg over at det no blir 20-minuttsavgangar kvar dag frå klokka 06.40 om morgonen til åtte om kvelden. Det blir også betre frekvens på kveld/natt.

Ferjene blir dessutan større enn dagens ferje på sambandet, og flunkande nye når dei blir sett inn på sambandet i 2018.