Som konsulent hadde mannen i løpet av tre år 4,5 millionar kroner i næringsinntekt som han ikkje melde inn til skatteetaten.

Han skulle ha betalt nærare to million kroner i skatt, men let det vere.

Førte ikkje rekneskap

Fjordane tingrett har dømt mannen til eitt år fengsel. Åtte av månadene er på vilkår, med to år prøvetid.

Han er også dømd til å betale 200.000 kroner i bot.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ifølgje dommen var mannen konsulent i eige enkeltmannsføretak, men i fem år førte han ikkje rekneskap. Mannen har forklart at han var klar over rekneskapsplikta, men kom aldri i gang.

Meld etter konkurs

Mannen skal ikkje ha gjort noko spesielt for å skjule inntektene, og alle bilag var tekne vare på. Saka blei meld til politiet av bustyrar etter ein konkurs.

Det tok meir enn fire år frå saka blei meld til rettssaka starta, noko retten har lagt vekt på i straffutmålinga.