No har mannen i 20-åra møtt i Fjordane tingrett, der han er dømd til fengsel i fem månader, med to år prøvetid.

Vilkåret er at han fullfører påbegynt rusbehandling.

Nekta på nattbussen

Ifølgje dommen var mannen til behandling for rusproblem, men hadde likevel rusa seg denne kvelden før han ville ta nattbussen til Oslo, i november 2014.

På rutebilstasjonen på Nordfjordeid blei mannen nekta å vere med nattbussen, fordi bussjåføren såg han var rusa.

Dette aksepterte ikkje mannen, og då sjåføren skulle late att bagasjeluka på bussen, blei han slått to gonger. Han blei treft i kjevepartiet og eine slaget var så hardt at han gjekk ned på kne.

Gjør som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Hadde heroin

Sjåføren klarte å gjennomføre turen til Oslo, men har vore plaga med øyresus etter hendinga, ifølgje dommen.

Mannen som tidlegare er straffa fleire gonger, er også dømd for oppbevaring av seks gram heroin ein stad i Oslo.

Les fleire nyheiter frå Søre her