Møre og Romsdal er eitt av fylka i landet med størst bortfall av dyrka jord.

– Respekten for jordvern er blitt mindre og mindre og nedbygginga stadig større, konstaterer Kolbjørn Gaustad, leiar for nyskipa Møre og Romsdal jordvern.

Nedslåande

Etter jamn nedgang i nokre år, auka omdisponeringa av dyrka jord i 2013 og 2014, ifølgje Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Oversynet frå 2014 er nedslåande lesing for dei som er opptekne av jordvern, ifølgje Fylkesmannen.

– Det er trist og urovekkjande. Vi har ei nasjonal målsetjing om å auke matproduksjon, og vi treng den jorda vi har. Berre tre prosent av arealet i landet er matjord, seier rådgjevar Tormod Meisingset hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Før jul blei ein nasjonal jordvernstrategi vedteken. Og Fylkesmannen prøver å vere aktiv overfor kommunane i planarbeidet. For det er kommunane som avgjer om dyrka jord skal kunne nyttast til andre formål. Om Fylkesmannen er usamd er det høve til å fremje motsegn eller klage på vedtak.

– Vi har kanskje eit par klager i året. Der er også litt motsegner til kommuneplanar, men ikkje noko store greier. Vi prøver å ta dialogen med kommunane i forkant, seier Meisingset.

Ikkje lenking

Den nye organisasjonen Jordvern Møre og Romsdal vil no ta opp kampen for jordvernet.

– Det er ikkje nokon barrikadekamp, og vi skal ikkje lenke oss fast, men vi tek sikte på å skape større forståing for betydninga av jordvern, seier Kolbjørn Gaustad.Etter suksess i fjor, blir det ny jordvernkonferanse 21. mai i år, der alle nye medlemer i planutvala i kommunane blir invitert.

– Nye planutval er valde for ein fireårsperiode, og då skal kommuneplanane rullerast. Då er det viktig at politikarane har eit edrueleg jordvernsyn, meiner Gaustad og han legg til:

– Matjorda er vårt framtidige livsgrunnlag, og det er synd å sage av den greina ein sit på.Som politikar har han sjølv vore med på vedtak om å byggje ned matjord.

– Men eg kom på betre tankar, og seinare har eg fleire gonger representert mindretal i slike saker, fortel han.