Forhandlingsutvala i Eid og Gloppen er samde om ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane til éin ny kommune frå 1. januar 2020, ifølgje ei pressemelding.

Namnet blir Nordfjord kommune, ein kommune som får 12.000 innbyggjarar.

Sandane blir kommunesenter

Tenestene skal ytast desentralisert som i dag. Dei administrative oppgåvene skal fordelast mest mogleg likeverdig mellom Nordfjordeid og Sandane.

Ordførar og rådmann med stab, kultur- og nærings-/landbruksavdeling blir lokalisert med Heradshuset på Sandane som base, og får status som kommunesenter

Eid får skule og helse

Skule- og oppvekst, helse- og omsorgsadministrasjon og planavdeling blir halde til på Nordfjordeid med Eid Rådhus som base.

Både Heradshuset på Sandane og Rådhuset på Eid skal ha servicetorg og plassering av publikumsretta tenester, der folk lett kan kome i kontakt med sakshandsamarar uansett om dei sit på Nordfjordeid eller Sandane. Dette kan skje til dømes ved bruk av videomøte.

Den nye kommunen skal vere langt framme når det gjeld å utvikle og ta i bruk nye digitale løysingar.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Folkerøysting i mai

Avtalen vart måndag lagt fram for kommunestyra for vidare handsaming.

Det vil truleg bli halde rådgjevande folkerøysting i begge kommunar i mai, før endeleg vedtak vert gjort av kommunestyra i juni 2016.

Anda-Lote

Den nye kommunen vil med 12.000 innbyggjarar og ein region rundt på ca 50.000 innbyggjarar bli eit regionalt tyngdepunkt i Nordfjord og eit tyngdepunkt i Sogn og Fjordane på line med Førde og Sogndal/Leikanger, heiter det i pressemeldinga.

Der går det også fram at viktig mål og premiss for samanslåinga er realisering av bru Anda-Lote. Det blir også sett som mål å få lokalisert minst éi større statleg etatseining til kommunen innan 2021, og ein samla vekst i statlege arbeidsplassar på minst 50.

Den nye kommunen skal også bli eit tungt senter innanfor skule og kultur, mellom anna ved å skape eit felles, samla kompetanse- og fagmiljø av dagens to vidaregåande skular og store kulturinstitusjonar i begge kommunar.

Les fleire nyheter frå Søre