11.000 underskrifter for Volda sjukehus levert i Oslo

Kraftig protest frå grasrota

Grasrota på søre Sunnmøre godtek ikkje ei svekking av Volda sjukehus. Det var bodskapen då 11.000 underskrifter blei overlevert i Oslo tysdag.

Sjukehusaksjon 11.000 underskrifter for sjukehuset i Volda blei tysdag overlevert statssekretær Anne Grethe Erlandsen i helse- og omsorgsdepartementet. Til venstre Bjarne Kvalsvik og til høgre Kari Ristesund som overleverte underskriftene.  Foto: Privat

Nyheter

Kari Ristesund og Bjarne Kvalsvik var tysdag i Oslo for å overlevere fleire tusen underskrifter mot nedlegging av akuttkirurgien ved Volda sjukehus.

- Vi overbringa den uroa som er for at akuttkirurgien skal forsvinne. Vi la vekt på at grasrota på søre Sunnmøre ikkje godtek ei svekking av Volda sjukehus, seier Bjarne Kvalsvik til smp.no.

Blei godt mottekne

Dei fekk ikkje møte helseministeren, men overleverte underskriftslistene til statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i helse- og omsorgsdepartementet.

Ristesund fortel at dei ikkje hadde med seg manuskript, men snakka ope og allminneleg med statssekretæren. Dei la vekt på det jordnære, og ikkje helsefaglege ting. Dei snakka om fjordar, vegar, ambulansar, uvêr og ulukker.

- Og vi blei høyrde, seier Ristesund.

Ho fortel også at dei blei godt mottekne og at det var eit godt møte.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Med i det vidare arbeidet

Kvalsvik legg til at ingen ting er avgjort om sjukehuset. Og han meiner det var eit godt tidspunkt å kome med lister og argument på, slik at departementet kan ta det med i det vidare arbeidet.

Kvalsvik og Ristesund representerer Uavhengig valliste for Sunnmøre, som har fått god oppslutning om underskriftsaksjonen.

-At så mange har engasjert seg og at vi har fått samla så mange underskrifter på kort tid, syner at folk på søre Sunnmøre ikkje vil godta svekking av sjukehuset, seier Kvalsvik.

Les fleire nyheiter frå Søre her

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter