Statens vegvesen har stengt fylkesveg 61 i Vanylven på grunn av fare for nye ras. Vegen over Maurstadeidet er stengt heilt ned til Bryggja etter at det datt fleire kubikk med stein ned på vegbana natt til onsdag og onsdag føremiddag, melder NRK Møre og Romsdal.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ein geolog vil første vere på plass torsdag for å vurdere kva som må gjerast før vegen kan opnast att, ifølgje Steinar Vestnes i vegvesenet.

Også andre stader i distriktet er vegar stengd onsdag ettermiddag grunna rasfare. Det gjeld både fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal og fylkesveg 655 i Norangsdalen.

Se vegmeldinger for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)Se vegmeldinger for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)