– Det er ein alvorleg tiltale. Valdtektsforsøk gjer at det er ei sak med strafferamme over seks år, seier statsadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Det er også alvorleg at tiltalen i tillegg gjeld forhold der barn er involvert .

Snapchat

Mannen i 20-åra frå Nordfjord må møte i retten i mars. Det er tre fornærma i saka. To av dei er mindreårige.

Siden det er sjanse for at saka blir ført for lukka dører, vil ikkje statsadvokaten levere ut tiltalen.

Men ho fortel at saka gjeld valdtektsforsøk i ein privat bustad. Dessutan er mannen tiltalt for å ha fått to mindreårige jenter til å sende nakenbilde til seg på bildetenesta Snapchat.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ikkje einig i tiltalen

Forsvararen til mannen, advokat Per Kjetil Stautland, er sparsam med kommentarar, men seier dette:

– Vi er ikkje einig i tiltalen som er teken ut. Det er snakk om langt mindre alvorlege forhold enn det som er lagt til grunn i tiltalen.

Rettssaka kjem opp for Fjordane tingrett i mars, og det er sett av tre dagar til saka.

Les fleire nyheiter frå Søre