I grunngjevinga si seier Nynorsk kultursentrum at Sand får prisen for sin eineståande innsats i arbeidet med å gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar i dataspel og sosiale medium. I tillegg til Facebook omset Sand også dataspel og programvare.

– Eg er svært overraska og glad over å bli tildelt denne prisen. Nynorsk har betydd veldig mykje for meg, og det er fint å sjå at arbeidet eg har lagt ned for å synleggjere det språket eg elskar, blir lagt merke til av andre, seier Sand i ei pressemelding.

Prisen er på 100.000 kroner og vil verte delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 23. juni.

Martine Rørstad Sand er frå Sula, men bur på Hamar der ho studerer digital kommunikasjon og kultur.

Blant tidlegare prisvinnarar finn vi forfattar Maria Parr, artist Odd Nordstoga og musikkgruppa Side Brok. Her ser du heile lista hos Nynorsk kultursentrum