Kartet over viser forslag til ny ferjefri E39 på Nordvestlandet. Klikk på dei blå symbola for meir informasjon.

Staten er villig til å stille opp med 600 millionar kroner for å finansiere tunnelen som skal få E-39 utanom Volda sentrum. Resten må brukarane betale.

– Det er heilt klart at trafikken er så stor at det ligg an til bompengar, seier dagleg leiar Svein Sunde i Gode Vegar AS.

Gjennom dette selskapet arbeider Sunde for å realisere Voldatunnelen – i tillegg til fleire andre prosjekt.

Volda: Trafikken gjennom Volda sentrum har auka kraftig etter opninga av Kvivsvegen, og det aktualiserer behovet for tunnelløysing.

Pakke

Sunde meiner og at det er naturleg å sjå bompengar for Voldatunnelen i samanheng med ein ny E-39 trase over Ørstafjorden ved Lianeset/Rjåneset, slik at også Ørsta sentrum slepp gjennomgangstrafikk frå europavegen.

– Ein bompengepakke for Ørsta/Volda vert eit tema no framover. Vi snakkar om ei trinnvis utbygging, og det er naturleg at Voldatunnelen kjem først, sidan dette planarbeidet har kome lengst.

Behovet er det ikkje tvil om.

– Det har vore ein kraftig trafikkauke, spesielt gjennom Volda sentrum. I fjor passerte 9.500 bilar i døgnet gjennom Hamnegata i Volda, seier Sunde.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Bompengar

Han trur det vil koste 20–25 kroner å passere bompengeringen gjennom Volda-Ørsta, og det vert bompengar mellom Ørsta sentrum og Volda sentrum.

Det er stor uvisse knytt til kostnaden av Voldatunnelen, som er sett til 900 millionar i den nasjonale transportplanen.

– Det er enno ikkje avgjort om det skal vere eitt eller to løp i tunnelen, seier Svein Sunde.

– Når kan tunnelen kome?

– Det bør vere mogleg rundt 2020–2022.

– Då er du optimist?

– Vi som jobbar for nye vegar er alltid optimistar.

Vegforkjempar: Svein Sunde i Gode Vegar var ein av forkjemparane for Kvivsvegen. No jobbar han for nye prosjekt. Arkiv

Sunde jobbar også for fjordkryssing i indre del av Nordfjord. I transportplanen er det sett ein pris på 11 milliardar kroner for hengjebru mellom Stryn og Innvik, og tunnel vidare til Byrkjelo.

– I transportplanen kjem det fram at dette sambandet kortar ned E-39 med 40 kilometer. Det er størstedelen av heile innkortinga mellom Bergen og Ålesund, seier Svein Sunde.

Les fleire nyheiter frå Søre