Prisen inkluderer eit nytt løp i Eiksundtunnelen, sidan det gamle ikkje er bra nok til å vere stamvegsamband. Alternativet er kryssing av Vartdalsfjorden over til Hareidlandet med bru (sjå interaktivt kart over)

Sjølve fjordkryssinga er tidlegare rekna å koste kring 38 milliardar. Den nasjonale transportplanen legg ikkje opp til byggjestart for Hafast-prosjektet før tidlegast 2030.

– Ved første augekast var eg naturleg nok skuffa over at det var skyvd ut til den neste NTP-perioden, men eg er framleis optimist, seier Hareid-ordførar Anders Riise.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Nokre vil seie dette er et teikn på at politikarane må tenke meir på ferjer - og kjempe for det - framfor vegar. Kva er din kommentar til det?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Dette er fagetatane sine framlegg, og dei hadde heller ikkje Hafast på topp i den førre runda då traseen blei valt av regjeringa på tvers av fagetatane sine ønskje. Eg trur prosjektet står seg med dei sterke føringane som er lagt, svarar han.

Hareid–Sulesund: Kryssinga av Sulafjorden vert det mest kostbare E-39 prosjektet av alle. Arkiv

– Stort handlingsrom

Han påpeiker at prosessen denne gongen er annleis enn tidlegare, fordi fagetatane ikkje gir nokon klare tilrådingar om kva for arbeid som skal gjerast først.

– Det er eit stort handlingsrom for politikken, så vi har god tru på at vi skal klare å få inn Hafast frå 2023 i denne transportplanen det no vert jobba med. Og vi snakkar om fem-seks års byggjetid.

Anbefalingane frå vegvesenet er at strekninga vert bygd med firefelts motorveg med ei fartsgrensa på 100 kilometer i timen.

Les meir: Møreaksen ferdig innen 2029. Bompenger: 500 krMotbakke for skipstunnelenVil bygge p-hus på Vigra

Ber Møre mobilisere til vegkamp (krever abonnement)

Bompengar

I transportplanen er det skissert at det vil koste 1.300 kroner for ein personbil å passere bruene og tunnelane mellom Bergen og Ålesund.  I tillegg kjem bompengeringar rundt byar og tettstader.

Bompengeprisen Ålesund til Molde vert 500 kroner.

Ein ferjefri E-39 mellom Kristiansand og Trondheim er kostnadsrekna til 340 milliardar, og treng bompengefinansiering. Da prosjektet vart lyfta fram i desember 2012, vart strekninga rekna å koste 150 milliardar.

Heile strekninga er på 1.069 kilometer, og vil ferdig utbetra vere 47 kilometer kortare. Reisetida vert om lag halvert.

Les hele grunnlagsdokumentet for transportplanen (ekstern lenke)Utviklingsstrategi for ferjefri og utbetra E39 (ekstern lenke)