Ho meiner avtalen mellom Høgre, Frp og Venstre i staden gir helseføretaka fullmakt til å avgjere sjukehusstrukturen.

– Med denne planen gir regjeringa og Venstre helseføretaka fullmakt til å definere innhaldet og avgjere framtidas sjukehusstruktur, seier Kjersti Toppe, til smp.no

Fleirtalet på Stortinget fjernar kravet om at eit sjukehus må ha eit visst mengd pasientar for å kunne halde oppe ein fullverdig akuttberedskap.

Helseminister Bent Høie gjekk i fjor ut og antyda at eit sjukehus måtte ha eit pasientgrunnlag på mellom 60.000 og 80.000 innbyggarar for at ein skulle halde oppe akuttberedskapen.

Avtalen mellom dei tre partia inneber at ein overlèt til dei enkelte helseføretaka sjølve å avgjere kor mange sjukehus som skal ha akuttmottak.

– Dette er den same grunngjevinga Høie tidlegare har nytta som argument for å leggje ned lokalsjukehus på Rjukan og i Kragerø. Folk må ikkje la seg lure av avtalen, åtvarar Toppe.

– Ingen sjukeshus skal leggast ned

Då dei tre partia presenterte avtalen, var dei opptekne av å understreke at ingen sjukehus skal leggast ned.

– Sjukehusa som i dag har akuttkirurgi, vil framleis ha dette der det er naudsynt, dersom dei klarer halde oppe god kvalitet og pasienttryggleik, seier leiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kari Kjos (Frp).

Frps Oskar Grimstad meiner avtalen styrker betydninga for dei mindre sjukehusa.

– Avtalen styrker betydninga av de mindre sjukehusa sin funksjon, seier Grimstad.

Som meiner diskusjonen rundt kva for oppgåver dei ulike sjukehusa skal ha har skapt uro

– Sjukehusa som i dag har akuttkirurgiske tilbod, medrekna Volda sjukehus, vil framleis ha dette der det er naudsynt og dersom dei klarar halde oppe god kvalitet på behandlinga, seier Grimstad.

Også Høgres Elisabeth Røbekk Nørve er godt nøgd med avtalen.

– Ei viktig prioritering som har oppteke meg, er at dei store regionsjukehusa som til dømes St. Olav i Trondheim, skal kunne overlate oppgåver til mindre sjukehus. Eg håper dette kan bidra til å styrkje sjukehusa i Møre og Romsdal, seier Røbekk Nørve.