Det seier Daniel Gusfre Ims, seksjonssjef i Språkrådet. På spørsmål om Midtre Sunnmøre kan vere eit aktuelt namn, svarar han at det høyrest ut som ei mogleg løysing. Ims seier at det ikkje er heilt fritt fram i namnevalet til nye storkommunar. Namnet skal etter kommunelova avgjerast av Kongen, og i praksis av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Namnestrid

Blir nye Sunnmøre kommune spekka med heile ti av kommunane i Nordre del av Sunnmøre, så blir dei i klårt fleirtal med over 94.051 menneske.

På heile Sunnmøre bur det om lag 141.755 personar, og Søre Sunnmøre blir i mindretal. Saka forandrar seg om Hareid går til Søre, og nokon av dei andre skulle trekke seg frå planane med Sunnmøre kommune. Då kan halvparten av menneska vere i Sunnmøre kommune, og den andre halvparten er utanfor.

– Dersom berre eit mindretal av sunnmørskommunane er med, bør dei finne eit anna namn, seier Ims.

Kommunenamn for alle?

Ordførar i Vanylven, Lena Marie Landsverk Sande, syns ingenting om at dei brukar Sunnmøre som namn. Nordre Sunnmøre eig ikkje namnet Sunnmøre åleine, meiner ho.

Ålesund er eit naturleg namn å velje til den nye storkommunen, eller så kan dei leggje til Nordre til namnet.

– Ålesund er verdas vakraste by, bruk det som merkenamn. Vi som naboar får ikkje vere med å bestemme, og eg meiner det er feil for alle kommunar rundt, seier ordførar Sande.

Stadnamn og områdenamn

Ims har fått med seg at det har vore forslag både om Sunnmøre og Romsdal som nye namn til storkommunane.

Namna er store regionsnamn, og fleire kommunar er knytt til namna. Blir desse namna tekne i bruk, tilrår Språkrådet tydeleg at eit solid fleirtal er med, slik at ikkje mange sunnmøringar og romsdalingar hamnar utanfor dei eventuelle kommunane.

– Vårt generelle råd er å bruke eit eksisterande stadnamn vidare, og det er bra om det finst eit eksisterande områdenamn som i høg grad dekker dei kommunane som slår seg saman. Det kan òg vere aktuelt at kommunen tek namnet sitt etter andre stadnamn, til dømes etter kjend natur eller ein fjord. Men namnet skal ikkje gje vesentleg funksjonsendring, meiner Ims.

Sterke merkenamn

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein kommune, meiner at det burde vore brukt eit anna namn for Sunnmøre kommune, som i større grad verkar samlande for desse.

Engh seier at namnet kunne vore diskutert med nabokommunane, men det er ein tidkrevjande prosess.

– Sunnmøre er eit sterkt merkenamn. Vi i Ulstein er i samtalar med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven, og vi på ytre Sunnmøre har Runde kommune som førebels namn. Det er eit særs sterkt merkenamn, seier Engh.

Geografisk forankra

Ved ei kommunesamanslåing har Eid og Gloppen ønskje om å heite Nordfjord kommune. Då samlar dei to av seks kommunar som ligg i området Nordfjord, altså under halvparten.

Det er greitt å bruke eitt av kommunenamna vidare, ifølgje Ims, og det er vanleg å bruke bynamn når bykommunar slår seg saman med nabokommunar.

– I Norge har vi ein tradisjon med å kalle opp kommunar etter stadar, og vi forventar at denne namneskikken held fram.Kommunenamn etter kjende personar er ikkje noko som Språkrådet vil tilrå eller støtte.

– Volda-Ørsta er for så vidt eit mogleg namn, men vi rår kommunane til å finne eitt namn dei kan samlast om, seier Ims.Om kommunane skulle komme med meir sprelske forslag som «1-2-3 kommune» eller «Topp-opp kommune», er Ims trygg på at dei vil få store vanskar med å få namnet godkjent.