Valldal veks i vanskelege tider

Lyden frå gravemaskiner, heisekraner, spikarpistolar og elektriske drillar ljomar gjennom bygda. Det er musikk i øyro til ordførar Arne Sandnes (Sp).

Vi håper desse nybygga kan bli eit vendepunkt i folketalsutviklinga

ARNE SANDNES
Nyheter

– Det er stor byggeaktivitet her i bygda no. Og det er artig. Mange arbeidsfolk er i sving, og det er lys på anleggsområda til langt på kveld, seier ein begeistra Norddal-ordførar.