Selje KrF vil arbeide aktivt for å slå saman Vågsøy, Selje, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda.

– Vi fryktar Vanylven vil gå nordover, og då sit vi igjen med Selje og Vågsøy, med kommunesenter i Måløy. Vi ser at dette vert for puslete og for lite i forhold til kva det nye føreslegne inntektssystemet til kommunane signaliserer, uttaler årsmøtet i Selje KrF.

Vil få 56.000 innbyggjarar

Selje har i det siste arbeidd aktivt for å slå saman kommunane Selje, Vanylven og Vågsøy.

– No ser vi at det glepp litt med Vanylven. Dei får kanskje betre tilbod nordover, seier Ronald Dalsbø, leiar i Selje KrF til Sunnmørsposten.

Han ser ein viss fare i at Selje og Vågsøy skal bli igjen mellom to storkommunar. Også i Sunnfjord blir det jobba for ein større kommune.

– Mange har tenkt tanken på kystkommune nordover, men ikkje våga å seie det, trur Dalsbø som vil jobbe for å få til eit breitt folkeleg engasjement i saka.

Han ser at tida er knapp, men vil no jobbe opp mot andre partigrupper for å få gjennomslag for det han meiner er ein visjonær og framtidsretta kommune.

Slagkraft i dragkampar

Storkommunen på kysten vil gje ein slagkraftig kystregion når det gjeld hamner, fiskeri, offshorereiarlag, verft og anna næring.

Med Ørsta og Volda vil ein også ha både sjukehus, høgskulemiljø og flyplass. Ein vil då verte ein folkesterk kommune med over 56.000 innbyggjarar og dermed utløyse maksimalt statleg tilskot for kommunesamanslåing.

Endå viktigare for Selje KrF er å få slagkraft i framtidige politiske dragkampar i området mellom Bergen og Trondheim.

Trur fylkesgrenser endrar seg

Selje KrF trur fylkesgrensene vil endre seg. Mest sannsynleg vil det ikkje heite verken Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane om 10 år. Kanskje er ein då midt i ein større vestlandsregion.

– Kor realistisk er alternativet med ni kommunar?

– Er det politisk vilje, kan vi få til kva som helst, meiner Dalsbø.

Stryn og Hornindal

– Volda og Ørsta vil snakke med Hornindal og Stryn. Kan det vere aktuelt å ta med desse to kommunane også?

– Det skal eg ikkje avvise, men erfaringa er at kysten og dei lenger inne i fjorden snakkar litt forskjellig språk og har ulikt syn på kva utfordringar ein har, seier Dalsbø.

Ronald Dalsbø er leiar i Selje KrF som vil jobbe for at Selje og Vågsøy slår seg saman med kommunane på søre Sunnmøre. Foto: Privat