Kommunane på Søre Sunnmøre vil starte eit nytt prosjekt om ei framtidig omorganisering av legevakta. «Sjustjerna helse- og omsorg», eit fellesskap for kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda, har teke initiativ til saka. Å opprette prosjektet skal vurderast av kommunane internt i første omgang, og ingenting er avklart enno.

Omorganisering

I dag er det ei felles nattlegevaktordning etter kl. 22.00, ved akuttmottaket til Volda Sjukehus for seks av kommunane, der legevakta har ein lege på vakt. Kommuneoverlege Arne Gotteberg, Volda, seier at Vanylven har eiga ordning, for å ha eit forsvarleg tilbod til innbyggarane sine med kortare reisetid. No ynskjer leiargruppa for «Sjustjerna» å greie ut ei omorganisering for å kunne møte dei nye krava frå myndigheitene.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.

– Ein modell kan vere å utvide nattlegevakta ved sjukehuset til ein større del av døgnet, frå når dei kommunale legesentera stenger og fram til dei opnar om morgonen. Vi vil då trenge to legar på vakt. Ein som har base på sjukehuset, og ein annan som kan rykkje ut på heimebesøk og til akutte situasjonar, meiner Gotteberg. Om Vanylven kan vere med i framtida, avheng av om tidsbruken til legevakta er forsvarleg.

Volda Sjukehus I dag er nattevaktlegen for seks av kommunane på Søre Sunnmøre ved akuttmottaket. Kommuneoverlegen meiner det er klokt å ta neste steg mot å samle ein større del av døgnet for legevaktordninga her. Foto: Knut Arne Aarset

Ein annan modell kan vere å ha eigen legevakt i ytre og indre strøk, meiner Gotteberg. Sjukeheimane er spesielt prioriterte i dei nye krava, og treng beredskap i form av ein tilgjengeleg lege fordi det blir tilført meir avansert medisinsk behandling der no enn tidlegare. I tillegg skal legane vere med politi og redningstenesta. Ifølgje Gotteberg skal legane også ha ein merka bil til legevakta i framtida. «Sjustjerna» ønskjer å søkje pengar til prosjektet ved Helsedirektoratet, og få tilsette ein eigen prosjektleiar.

Når ikkje nye krav

Legevakta får flest klager av primærhelsetenestene, ifølgje Helsetilsynet. Innbyggarane treng god kvalitet av tenesta, som er organisert av kommunane. Det vart innført ei ny akuttmedisinforskrift i mai i fjor der krava til beredskap og bakvaktordningar vart skjerpa. Forskrifta skjerpa også krava til kompetanse hjå legar og medhjelparar i legevakt. Mange interkommunale legevakter har ei låg bemanning og høg bruk av vikarar, og den ønska utviklinga er ikkje oppnådd.

– I dag delar færre legar på legevaktordninga, og ein lege greier ikkje alt åleine. Den nye ordninga må vere stor og robust. Med nye kompetansekrav vil kommunane streve med å få til ei god bakvaktsordning, seier Gotteberg.

Må samarbeide

I eit saksframlegg frå «Sjustjerna» som no skal behandlast i Ørsta kommune, kjem det fram at innbyggarane i Norge har for lang reisetid til legevakta. Det står at det blir utført få sjukebesøk og det er låg legedeltaking i utrykkingar i akuttmedisinske situasjonar. Legevakta blir i stor del ein stasjonær teneste som gjev medisinsk hjelp til pasienttilfelle med låg hastegrad. Mange legar føler seg utrygg på jobb åleine, og opplever eit stort tidspress.

– Eg vil tru at vel 90 prosent av innbyggjarane når legevakta vår innan 45 minutt, soleis er vi nært kravet til tid og det er forsvarleg, seier Gotteberg. Men det må bli lettare for legevakta å kunne rykke ut.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook.

På Søre er kommunane små, og ifølgje Gotteberg vil dei slite med å få det til åleine. Det krev samarbeid på tvers av kommunane. Kommuneoverlegen seier at dei er ute i rett tid, opp mot den nye kommunereforma.

- Nye  storkommunar kan kanskje greie å organisere dette sjølv, men krava er dei same og ei omorganisering bør kome på plass uansett kvar kommunegrensene går. Vi bør vurdere å  ta utgangspunkt i nattevaktsordninga og utvide tenestetida, bemanning og innhaldet i denne, meiner Gotteberg.

Nye krav:

  • Vil innføre eit nasjonalt krav i forskrift om at 90 % av befolkninga skal ha maksimalt 40 minutts reisetid til legevakt og 95 % av befolkninga skal ha maksimalt 60 minutts reisetid.

  • Fastløn og utvida bruk av faste stillingar i legevakt bør innførast for å endre prioriteringa i tenesten og betre rekrutteringa.

  • Legevaktslegen bør aldri vere på åleine på jobb, det bør vere minst eit anna helsepersonell til stades.

  • Ved utrykkingar og sjukebesøk må lege og støttepersonell reise saman og legevakta skal ha tilgang til uniformert køyretøy.

  • Kommunane må styrke samarbeidet med helseføretaket og innan eiga kommune.