Hoven Loen AS hadde ved årsskiftet ein aksjekapital på vel 65 millionar kroner.

I tillegg hadde dei signerte erklæringar frå selskap og personar som har stadfesta at dei teiknar seg som aksjonærar. Innan utgangen av mars vil selskapet dermed ha nærare 100 millionar kroner i aksjekapital.

Ønskjer nye velkomen

I årsrapporten frå dagleg leiar Richard Grov går det også fram at styret vil jobbe med å auke aksjekapitalen til 115 millionar kroner fram mot 2017.

- Vi ønskjer nye aksjonærar velkommen og ber dei ta kontakt om dei ønskjer å teikne seg allereie på generalforsamlinga onsdag, seier Richard Grov.

Fleire lokale og regionale selskap, samt privatpersonar er allereie inne som aksjonærar i selskapet.

Spennande byggeperiode

Ifølgje Grov er ein no ferdig med vegen opp til Hoven og ein er komne i gang med bygging av deler av dei fire bygga som høyrer til anlegget. Dei tekniske installasjonane til pendelbana er under full produksjon i Sveits.

- Frå no av går vi inn i ein svært spennande byggjeperiode, der aktiviteten og dei synlege resultata vert tydelgare og tydelegare frå dag til dag, opplyser Grov.

Lovar storslagne opplevingar

Han fortel også at dei er godt i gang med å marknadsføre Hoven Loen, både i Norge og utlandet. Han er overtydd om at opplevingane på fjellet rundt Hoven blir storslagne og at ein her vil få mange nye og gode mulegheiter til å oppleve norske fjell.

Sjå video av korleis bana blir her

- Eg er stolt av det vi har fått til så langt, seier Grov og takkar styret, samarbeidspartnarar og aksjonærar for jobben som er gjort fram til i dag.

Og han legg til:

- Eg gler meg til opninga av Hoven Loen og til å ønskje velkomen til alle våre gjester frå og med mai 2017.