Ambisjonen var å kome i hamn med ein intensjonsavtale mellom fem kommunar på ytre søre Sunnmøre fredag. Det lukkast ikkje, og eit nytt møte må til.

– Det vart litt klarare på nokre punkt, men vi driv og filar på det same opp att og opp att, seier ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr (H).

På si venstre side rundt bordet hadde han ordførar Knut Erik Engh (Frp) frå Ulstein. Tonen mellom dei to er ikkje den beste.

– Problemet her er at det er fire partar som vil, og ein som ikkje vil, seier Engh til Sunnmørsposten. Og det er Herøy han meiner er den vrangvillige.

Myrvåg

Det er semje om at Myrvåg skal vere kommunesenter, men usemje om kva det betyr i praksis. I utkastet til avtale står det at : «strategisk leiing (politisk og administrativ toppleiing) med nødvendige funksjonar skal lokaliserast til nytt rådhus i Myrvåg.

Punktet med at det skal byggast nytt rådhus er nytt.

Men samstundes skal dei aller fleste kommunestilsette sitte att i dei noverande rådhusa.

Spørsmålet er kven som skal sitte kvar. Det vart kasta fram ein fordelingsnøkkel der Herøy og Ulstein skal ha 25 prosent av dei kommunetilsette som ikkje skal sitte i Myrvåg, medan Hareid skal ha 20 og Vanylven og Sande 15.

Smertegrensa

Dette fall i god jord hos dei minste kommunane, Sande og Vanylven, men ikkje hos den største, som er Herøy.

– Vi krev at fordelinga av funksjonar og fagstillingar vert gjort tydeleg, sa Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr. Då det vart referert til omgrepet «smertegrense» sa han.

– Eg var langt over smertegrensa før vi byrja på forhandlingane.I Ulstein har det vore langt meir vilje til kommunesamanslåing.

Men ordførar Knut Erik Engh fryktar at avtalen som tar form vert vanskeleg å selje.

Å godta at kommuneadministrasjonen skal vere i Myrvåg er tungt fordøyeleg kost.

– Eg synest forhandlingane går i feil retning, seier Engh.

Det må eit ekstra møte til for delegasjonane frå Hareid, Herøy, Vanylven, Ulstein og Sande. Foto: SVEIN AAM