Greveling grevelang:

Grevling i Haram

Torbjørn Sønderland håpa å få sjå ørn, då han i helga la ut noko fiskerask på berga på Synnaland i Haram. Men det var ikkje ørn som dukka opp.

Her er den, grevlingen. På viltkameraet til Torbjørn Sønderland i Synnaland-området i Brattvåg.  

Nyheter

Derimot var det altså ein grevling.

- Eg har sett opp eit viltkamera i området og laurdag morgon i 08-tida dukka den altså opp og forsynte seg av godsakene, fortel Sønderland sjølv.

- Vart du overraska?

- Nei, for andre hadde allereie observert den i gryotta same dag, men i og med at det var ørn eg håpa på, vart eg kanskje snarare litt skuffa, seier Sønderland - og ler.

Les også:

Dyredrama under en balkong i Spjelkavik:

Grevling vs. «Bolla»

– Det vanligste stedet å se grevling, er når de ligger ihjelkjørte på kvitstripa.


Ikkje uvanleg

Det er ikkje første gang det dukkar opp grevling i området, kan Sønderland fortelje.

- Sist eg høyrde om den var for fire-fem år siden. Også da var det, så langt eg kjenner til, berre eitt dyr, seier han.

Grevling nord for Storfjorden - Haram inklusive, er slett ikkje uvanleg, fortel ornitolog og dyrekjennar Alv Ottar Folkestad.

- Den har vore her ein del år. Etter at den først kom frå aust og nord til Vestnes tidleg på 70-talet, spreidde den seg vidare til alt av fastlandsområde både i Ørskog og Skodje. I dag kan du også møte den over heile fastlandsområdet i Haram, på Ellingsøy og i Ålesund, og den har til og med vore på Vigra. Når det gjeld det siste der trur vi framleis at det var ein eller annan som tulla. Det er i alle høve ikkje observert grevling på Vigra i ettertid, og sjølv om ein reknar med at grevlingen kan svømme, trur eg ikkje den vil leggje på svøm over fjorden.

- Er grevlingen eit flokkdyr?

- Nei. Det kan vere fleire i same hiområdet - grevlingen har hi dels i steinur, dels i jordbakkar og sandvollar. Med det sagt er grevlingen ein kranglefant og ikkje veldig hjarteleg, seier Folkestad. Stammen på våre kantar er ikkje veldig stor, samanlikna med områder som har mykje grevling som til dømes Austlandet og Trøndelag, legg han til.

Om grevling i tak - og kjellar

- Avslutningsvis. Kor vanleg er dette med grevling i taket?

- Ikkje så veldig vanleg, men, seier Folkestad:

- Frå tid til anna kan det dukke opp grevling i ein og anna kjellar, spesielt på eldre hus. Om en lar kjellerdøra stå ope og grevlingen synest det luktar spennande, det vil seie mat, kan han ta seg inn. Det er også eksempel på at han har tatt seg inn i matboder i kjellarar.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.