Salsstatistikken frå bransjeorganisasjonen Virke viser at Moods of Norway har det største prosentvise fallet  i klesbransjen. I toppåret 2011 hadde Moods eit overskot på heile 100 millionar kroner, ifølgje DN. No er overskot snudd til underskot.

– Vi er i ein tøff marknad. Eg trur at alle no har det knalltøft. Særskild vi som er i premiumsegmentet merkar det når arbeidsløysa stig, og det kjem tøffe spådommar vidare, seier stryningen til avisa.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Omsetnaden falt i fjor med 5,6 prosent. Valutautviklinga, med kronefallet, skal ha bidrege til å ete opp overskotet.

Kleskjeda har vore gjennom ei omfattande restrukturering. Strategien har vore å tone ned grossistverksemda og bygge opp ein eigen butikkportefølje.

Kjeda har no rundt 20 eigne butikkar rundt om i landet. Gigantbutikken i New York er lagt ned.

Les fleire nyheiter frå næringslivet