Kruse Smith var lågast då tilboda vart opna for ein månad sidan. Tilbodet dei leverte var på 202,8 millionar kroner.

Etter at tilboda er vurderte, er det klart at det blir entreprenørfirmaet med hovudkontor i Kristiansand, som får byggje vegen.

Ferdig sommaren 2018

Denne veka er Statens vegvesen og entreprenørfirmaet i samhandlingsmøte i Loen. Dette markerer oppstart på eit prosjekt som skal gå fram til sommaren 2018, ifølgje pressemelding frå Statens vegvesen.

Innan den tida skal ei strekning på om lag fem kilometer på fylkesveg 60 mellom Ugla og Skarstein i Stryn kommune vere utbetra. Vegen har tidlegare vore kåra til Norges verste veg.

Les også: Norges verste veg i mange år tilLes også: Får ingen hjelp til «Norges verste veg»

Signering Kontrakten på bygging av siste del avfylkesveg 60 Olden - Innvik blei signert i Loen denne veka. Frå venstre anleggsleiar Einar Tvinnereim og anleggsdirektør Bjørn Velken i Kruse Smith, saman med seksjonssjef Margot Åsebø og prosjektleiar Erling Varlid i Statens vegvesen. Foto: Heidi Ravnestad, Statens vegvesen

1170 meter lang tunnel

I vest skal det byggast ein tunnel på1170 meter forbi Vangberghammaren. Vidare mot Olden går vegen langs eksisterande trase, med enkelte justeringar av veglinja.

Arbeidet vil starte med påhogg og tunneldriving ved Ugla, i retning Innvik. Her vart forskjæringa i fjellet teke inn som ein del av førre strekning, prosjektet fv. 60 Agjeldtunnelen, men massane ligg att. Samstundes vil entreprenøren også starte arbeidet på forskjæringa i aust, i retning Olden.