Torsdag var det næringskonferanse i Ørsta, og mange kjente tok turen. Moods of Norway vart representert av Simen Staalnacke og Jan Egil Flo. Sidan 2014 har bedrifta gått nedover og i minus, men Moods håper å gå ut i null i år trass eit pressa marknad.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook.

– Den svake kronekursen kosta oss 32 millionar i fjor, og me har gjort kutt i stillingar til sekretærar og lagt opp nokre butikkar i utlandet. No har me berre igjen ein butikk i USA også, seier Flo.

– Me ville erobre heile verda med 15 -16 butikkar i USA, men dit kom me ikkje. Likevel er me godt kjende internasjonalt, seier Staalnacke.

Moods hadde ein enorm vekst dei første ti åra. Ifølgje flo var Moods dei første som brukte "of Norway" som merkevare. I dag er det mange som brukar of Norway.

Nettstrategi

Moods har skapa seg eit merkenamn som heile 97 prosent av Norge si befolkning har høyrd om, ifølgje Staalnacke.

Rosa er eit strategisk val som merkevare, og folk kjenner til Moods sine rosa traktorar. På nett er Moods sin største butikk, og internett gjer produkta tilgjengeleg overalt.

– Det er viktig at me kan tilby kundane å kjøpe kleda som dei ser på motevisinga, dagen etter. Då kan dei kjøpe kleda på nett eller i butikk. Me må styre klesbransjen sjølv, og me må kome med nye produkt for det einaste som tel er at produkta vert seld, seier Staalnacke.

Moods bruker sosiale media til reklame, og har ei stor produktliste. Dei ser på seg sjølv som det største klesmerke i Norge. No går dei igjennom er omstilling til mindre administrasjon, og Flo seier dei må ta raske slutningar og levere det kundane vil ha.

Staalnacke seier at verda går fortare og Moods må følgje med i timen, for å snu kurva til å gå oppover igjen.

– If it was easy, everybody would be doing it. Det kostar å sette gode idear ut i livet, seier Staalnacke.

Publikum på Næringskonferansen i Ørsta. Blant andre Jan Erik Larssen, t.h., og ordførar Stein Aam. Foto: Charlotte Karoline Kvistad