Det har vore ei ganske jamn auke i arbeidsløysa det siste året, og i mars månad har vi for fyrste gong på mange år ei arbeidsløyse som er høgare enn snittet for landet, seier seier fylkesdirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal i ei pressemelding.

- Vi har tidlegare fått inn varsel om permitteringar og oppseiingar, derfor er det ikkje overraskande at vi har ei høg auke i arbeidsløysa blant kommunane Herøy, Ulstein og Hareid, der faktisk arbeidsløyse den siste månaden steig med 74, 24 og 14 personar. Blant byane aukar Molde med 42 og Kristiansund aukar med 23, medan vi har ein gledeleg reduksjon i Ålesund den siste månaden på 20 personar, seier Veland.

I mars  2016 er det 4 765 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer til 3,4 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 40,2  prosent frå same månad i fjor.

I februar 2016 har vi 813 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 166 fleire enn i mars 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 578 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 4,3 prosent for menn.

I landet er det 89 334 heilt arbeidslause. Dette er 3,3 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,3  prosent samanlikna med same periode i fjor.