Ein bilførar er meldt til politiet etter å ha blitt stoppa i ein laserkontroll på riksveg 15 på Ytreeide i Stryn i 13-tida, onsdag.

Ifølgje politiet var farta på bilen 112 km/t i ei 80-sone, men då ordensmakta ville gi føraren eit forenkla førelegg nekta vedkommande å vedta dette, og det enda altså med melding.

Medan det vart gitt tre førelegg for fart under kontrollen i Stryn, resulterte kontrollen til UP i Eid, nærare bestemt på riksveg 15 i Mogrenda, i sju førelegg. Høgste fart i 50-sona var 74 km/t.