Mannen i 20-åra nektar for valdtektsforsøk og meiner han berre ville beføle kvinna, då han gjekk inn på rommet hennar tidleg ein morgon i 2014.

Fjordane tingrett finn derimot bevis for valdtektsforsøk og har dømt mannen etter tiltalen.

Kvelartak og slag

Mannen og kvinna hadde kjent kvarandre lenge, og mannen overnatta i huset hennar ei natt i 2014.

Om morgonen vakna kvinna og følte at ho blei kvelt. Ei pute blei pressa mot ansiktet hennar. Ho opplevde også at det blei teke kvelartak på henne, og ho blei slått med knytt hand i ansiktet, då ho forsøkte å gjere motstand.

Trudde ho skulle døy

Retten peikar på at eit forsøk på valdtekt kan vere ei like krenkande og skremmande oppleving som ei fullbyrda valdtekt. For den fornærma i denne saka var handlinga ei veldig skremmande oppleving.

Ho trudde der og då at ho skulle døy, og det er på det reine at hendinga har fått svært alvorlege konsekvensar.

Skulle få sitje på i bil

Retten ser alvorleg også på dei andre forholda mannen er dømd for. Blant anna har han lurt barn til å sende seksualiserte bilde av seg. Bilda har politiet funne lagra på mobiltelefonen og pc-en til mannen.

Ei av jentene sende bilde av seg etter at mannen lova at ho skulle få sitje på i bilen hans. Retten finn det nødvendig å reagerte strengt mot slike handlingar.

Mannen er elles dømd for å ha sendt eit nakenbilde av seg sjølv til ei av dei unge jentene.

Må betale erstatning

Mannen er dømd til fengsel i to år og åtte månader.

Fjordane tingrett meiner at valdtektsforsøket i utgangspunktet kvalifiserer til ei straff på fire år og dei andre forholda opp mot 60 dagar fengsel. Men retten har gitt noko strafferabatt for tilståing og for at saka har hatt lang liggetid hos politiet.

Mannen må også betale 125.000 kroner i oppreisingserstatning, samt nærare 5.000 i anna erstatning, til kvinna han forsøkte å valdta.

I tillegg må han betale 15.000 kroner i oppreisingserstatning til ei av dei unge jentene.

På grunn av at mobiltelefon og datamaskin er brukt til straffbare forhold, blir dette utstyret inndrege til fordel for statskassa.