Redaksjonen i lokalavisa Vestlandsnytt humra nok godt då ein kunne lese om aprilspøken deira i lokalavisa Møre-Nytt.

For nokon i redaksjonen i Møre-nytt fekk ikkje med seg at "nyheita" om at Mørenett vil leggje alle straumkablar på ytre Sunnmøre i jorda for å hindre skadar frå ekstremvêr som "Tor", berre var ein aprilspøk.

"I evalueringa etter esktremvêret "Tor" i vinter, skriv Mørenett at dei må vurdere å fase ut alle luftkablar og byte dei ut med jordkablar", skriv Møre-Nytt i laurdagsavisa, dagen etter 1.april.

I saka siterer dei Vestlandsnytt på at kostnadane på rundt 600 millionar kroner må dekkast av straumkundane.

Gjekk "Fem på"

Ansvarleg redaktør Rune Sæbønes i Møre-Nytt seier til smp.no at dei gjekk "fem på".

- Vestlandsnytt er ei god avis, og har interessant stoff. Når dei kjem med ei sak om Mørenett, der pengane flyt, var det ikkje så vanskeleg å sitere. Men her vart det ei overledning, humrar Sæbønes.

Ansvarleg redaktør Endre Vorren i Vestlandsnytt seier dei har fått god resppons på aprilspøken.

- Vi har fått mange kommentarar frå lesarar som skulle ha ynskt at dette var sannheit, i staden for spøk. Sett vekk frå punktet om at kundane må betale gildet, sjølvsagt.

Blei du lurt av aprilspøk i går? Del gjerne di historie i kommentarfeltet under