Laurdag morgon vart gamle Romsdal fylkesskule på Vestnes totaltskadd i ein brann.

Skulebygninga, som er frå 1910, har stått tom i mange år og var ikkje tilkopla straum.

Kort tid etter hendinga kunne politiet ikkje seie noko om årsak til brannen, men i Vestnesavisa, onsdag fortel lensmann Jan Magnar Sandvik at dei mistenkjer at brannen er påsett.

– Sidan huset ikkje var tilkopla straum, så må brannen ha oppstått på anna vis. Me har tre unge personar i kikkerten som me ønskjer å prate meir med. Men me kan ikkje seie noko om brannen vart starta med overlegg eller ved eit uhell. Det står att å finne ut av, seier han.

Det skal ha vore vitneobservasjonar og tips til politiet i etterkant som har ført dei mot dei tre.

Politiet på Sunnmøre melde om brannen litt før klokka 06, laurdag. Etter først å ha opplyst at det brann i ein einebustad vart meldinga korrigert til å gjelde gamle Romsdal fylkesskule.

– Huset er overtent, heitte det frå politiet etter kort tid.

– Status klokka 07.15 skal vere at det ikkje er synlege flammar meir. Bygninga er totalskadd, sa Paul Ola Vestre, operatør ved Møre og Romsdal 110-sentral.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

Leser Liv Anne Øveraas tok dette bildet av den gamle skolen få dager før brannen.