Saka står omtalt i dagens utgåve av Sunnmørsposten.

No spør politikarane barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) om ho meiner dette er rett tolking av regelverket.

Les saka: Må «si opp» barnet for å få dagpenger (krever abonnement)

Meiner statsråden dette er rett tolking

– I dagens krevjande arbeidsmarknadssituasjon ser vi døme på fosterforeldre der den eine blir permittert eller arbeidsledig og får trekk i dagpengar på grunn av godtgjeringa fosterheimen mottek.

Meiner statsråden at dette er rett tolking av regleverket,  og vil ho ta grep for å forbetre fosterforeldre si arbeidsrettslege og sosiale stilling? spør Holen Bjørdal og ber statsråden om eit skriftleg svar.

Hadde forventningar til Fosterheimsmeldinga

Han grunngjev spørsmålet med at mange hadde forventa at regjeringa i Fosterheimsmeldinga ville ta tak i dei økonomiske rammevilkåra.

– På bakgrunn av alle fosterforeldra som på vegner av samfunnet tek på seg det umåteleg viktige oppdraget det er å gje dagleg omsorg for barn som av ulike grunnar ikkje kan bu hos sine biologiske foreldre.

Skrikande behov for fosterheimar

Holen Bjørdal syner her til at de er skrikande behov for fleire som vil ta på seg fosterheimsoppdrag.

– Dei mangelfulle arbeidsrettslege, økonomiske og sosiale rammevilkåra er med på å hemme rekrutteringa og gjer kvardagen vanskelegare for dei som allereie har fosterheimsoppdrag, skriv han.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

- Urettferdig straff for å vere fosterforeldre

– Eg reagerer kraftig på saka, seier Rigmor Andersen Eide. Ho harogså sendt skriftleg spørsmål til barne- og likestillingsminister Solveig Horne om  ho vil vurdere å endre regelverket.

Alvorleg signal - Hårreisande historie, seier stortingrepresentant Rigmor Andersen Eide (KrF).

– Dette verkar urettferdig! At ein på denne måten vert straffa fordi ein er fosterforeldre.

Det er også eit ganske alvorleg signal å gje i ei tid der det er behov for å rekruttere fleire til den tenesta. Hårreisande, seier Rigmor Andersen Eide.