Ho startar på ei krema blomkålsuppe med bitar av fenalår.

– Nydeleg! Dei kan verkeleg den der, du, lyder domen. Så skal det gå i svinefilet med brokkolipurré, steikt sjampinjong, strimla gulrot og noisette-poteter. Det heile vert avrunda med ein aldri så liten mousse av belgisk sjokolade.

Utafor komfort-sona

Servitørane spring. Kvitskjortene arbeider med alt anna i helsestellet til vanleg.

– Ja, i kveld er dei langt utafor komfort-sona si, seier kjøkensjef Harald Kimsås og ler. Men sjå om ikkje omsorgs-nestleiar Karianne Hildremyr kjem balanserande med tallerkenane proft oppetter arma.

– Eg har då servert i eitt og anna selskapet, røpar ho. Ingen skriv timar. For dette er ein dugnad for livskvaliteten.

– Eit verkeleg kjekt avbrekk. Folk har gledd seg stort, peikar Karianne på.Rikhaldig meny til trerettars måltid med godt drikke er ikkje kvardagskost på sjukeheimar.

Populært

– Tiltaket vart så populært at vi må køyre ein kveld til for å få med alle som melde seg, fortel einingsleiar Ebba Hjelbakk ved Giske omsorgssenter.

– Vi freistar å få opp aktiviteten. Gjere eitkvart ekstra ut av kvardagen til brukarane våre. Også slike som gjer nytte av heimetenesta kjem til restauranten for å kose seg, skjønar vi.

Alle er sjølvsagt ikkje like flakkeføre. Men med kvit duk, ferske roser og ekte restaurantstemning kan familie og vener få hyggje seg rundt eit bord likevel.

– Det vert noko spesielt og litt høgtidssamt. Eg snakka med ei som hadde funne fram søndagskleda. Tenk om vi kunne få til meir av dette?

– Faste restaurantkveldar?

– Gjerne! Men vi er berre ved byrjinga i utviklingsarbeidet vårt, og må nok prøve oss fram.

Frivillige

I så måte etterlyser Hjelbakk fleire hjelpande dugnadshender. Til dømes er babysang, barnehagar, ungdomsskule og psykisk utviklingshemma allereie inne med faste aktivitetar i lag med beburane. Så heilt stilt er det aldri på Giske omsorgssenter.

– Alle har noko å bidra med. Vi har lyst å samle fleire grupper som har nytte av kvarandre. Det aukar jo livsgleda til alle involverte, seier Ebba Hjelbakk.