NRK Møre og Romsdal melder at mange sunnmøringar - mellom dei Ottar-Jan Løvoll på Eidså i Vanylven, vakna av kraftig brumming ved 06.30-tida, søndag.

– Eg låg og sov, men vakna av ei kraftig brumming. Det varte i om lag 10 sekund, seier han til NRK. Han stod straks opp, noterte seg tidspunktet, og sjekka at fjella stod.

Det gjer dei så langt vi kjenner til, men medan NRK søndag føremiddag peikar på at det til då ikkje var registreringar om jordskjelv på Nordvestlandet på jordskjelv.no og gjer det heile til eit lite mysterium, så kan vi fortelje at det er det faktisk no: Klokka 06.31.41 er det registrert eit skjelv med styrke 2.08 i Norskehavet.

Mysteriet er med det truleg løyst.