– Vi er dei første som går ut med eit klart standpunkt der vi seier nei til å delta i storkommune der Ålesund er med, seier varaordførar Frisvoll til Bygdebladet.

Haram er den mest folkerike nabokommunen til Ålesund. Varaordføraren i kommunen har dermed flagga standpunkt. Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter, tilhøyrer Senterpartiet, eit parti som er kjent for å vere skeptisk til kommunereforma.

– Passeleg stor kommune

– Haram og Sandøy blir ein passeleg stor kommune, og då får vi sjølve bestemme korleis vi vil ha det. I ein stor regionkommune blir det utkantane som vil lide, seier Frisvoll ifølgje Bygdebladet.

I valkampen for KrF stod Randi Walderhaug Frisvoll saman med Tore Johan Øvstebø (i midten), som no er varaordførar i Ålesund. Men storkommune med Ålesund vil ho ikkje ha. Foto: ARKIV

Haram har saman med ni andre kommunar signert ein

historisk intensjonsavtale om Regionkommune Ålesund

.

Folkerøysting

Haram har dermed tre alternativ:

  • Storkommune med Ålesund.

  • Samanslåing utelukkande med Sandøy.

  • Halde fram som eigen kommune som i dag.

Med knapt fleirtal, 14 mot 13, har Haram kommunestyre vedtatt å ikkje gjennomføre innbyggjarundersøking i tillegg til folkerøysting. Ei innbyggjarundersøking frå november i fjor viste at 23 prosent vil ha samanslåing med Ålesund.